Parken kulturhus

Teatret Vårt // Teaterrotta

Hovedbilde, Teaterrotta - Klikk for stort bilete

Rampete og mystisk for dei minste! 

Dato
27. januar 2023
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Det knirkar og taslar i gangane på huset. Merkelege og uforklarlege ting skjer stadig vekk både på scenene til teateret og ute på turné. Kvar vart det av parykken til skodespelaren? Kven slår på lyset om natta? Og kven har gnege på teaterkaka til rekvisitøren? Gjennom det 50 år lange livsløpet til teateret har mykje rart skjedd. Ingen har heilt klart å oppdaga kva alt dette mystiske er, sjølv om det har vore nære på nokon gangar.

For, dei som taslar og gneg er: teaterottene. Dei har halde på gjennom generasjonar, og har alltid halde seg trygt plassert i kulissene. Men, ikkje alle ønsker å gøyma seg bort lengre. Det å skulla vera usynleg er ikkje alltid like kjekt, særleg ikkje når den største draumen din er å stå på scena som skodespelar, og det vil Teaterrotta Pernille. Det er på tide med endring i teateret synst Pernille, og ho har i skjul snike seg inn på kontoret til teatersjefen og invitert barn frå heile fylket inn i teateret for å laga teater saman med henne. Dei må berre ikkje bli oppdaga. I framsyninga blir du tatt med på ein leiken og kreativ framsyning kvar fleire rom blir nytta og barna blir inviterte inn i eit interaktivt univers.

Av og med
Lina Taule Fjørtoft

Teaterrotta er ein leiken og morosam framsyning som passar spesielt godt for barn frå 4 år og oppover.

 

Portrett av Lina Taule Fjørtoft - Klikk for stort bilete

Lina Taule Fjørtoft er skodespelar, teaterprodusent og manusutviklar. Ho er utdanna ved teaterutdanninga på Nord universitet og er aktiv både i frilansfeltet og ved institusjonsteater. Ho har m.a. vore tilknytta Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret. I samband med Teatret Vårt sitt 50 års jubileum har Lina skrive stykket om Teaterrotta. 

 

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 26.01.2023 16.00 - 26.01.2023 17.00
  2. Torsdag, 26.01.2023 18.00 - 26.01.2023 19.00
  3. Fredag, 27.01.2023 16.00 - 27.01.2023 17.00
  4. Fredag, 27.01.2023 18.00 - 27.01.2023 19.00
  5. Laurdag, 28.01.2023 12.00 - 28.01.2023 13.00
  6. Laurdag, 28.01.2023 14.00 - 28.01.2023 15.00
  7. Søndag, 29.01.2023 14.00 - 29.01.2023 15.00
  8. Søndag, 29.01.2023 16.00 - 29.01.2023 17.00