Parken kulturhus

Songar av Joni - ein hyllest til Joni Mitchell

Joni Mitchell tribute - Klikk for stort bilete

 

Dato
12. mai 2023
Tid
19:00 - 20:45
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Den 13. mai 2023 er det på dagen 40 år sidan Joni Mitchell heldt sin einaste konsert i Noreg. Den helga kan du oppleve eit knippe av hennar fantastiske songar framført av lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

Det var Fosnavåg konserthus som inviterte Siril Malmedal Hauge med band til å sette saman ein tributekonsert til denne dama som fyller 80 år i november. I tillegg blei duoen "Roses for Joni" frå Italia og Christina Friis-Nielsen frå Danmark invitert.

I Fosnavåg konserthus har dei jobba med prosjektet ei tid og har kome fram til ei form og eit innhald som kan bli spektakulært og mektig. Det blir også ei solid lokal forankring, frå Fosnavåg skal både Vegard Kvamme Holum, Emma Sævik og koret Tolvtetten bidra til det. Det er også sett saman eit stort orkester med strykarar og blåsarar på 12 personar

Siril Malmedal Hauge frå Langevåg, men busett i Oslo har med seg Kjetil Mulelid på piano, Martin Morland på bass, Henrik Lødøen på trommer, Martin Myhre Olsen på sax og Torgeir Hovden Standal på gitar. Orkesteret, som har fått namnet "Wild Things Run Fast-orkesteret"  er samansett av Ålesund strykekvartett i tillegg til instrumentalistar på trompet, horn, tuba, trombone, fløyte, obo, klarinett, perkusjon og harpe. 

Magnus Murphy Joelson skal skrive arrangement for kor og orkester og skal vere orkesterleiar.

Konsertane er støtta av: Sparebanken Møre, Sparebanken Søre Sunnmøre, Havila, REM, Olympic kulturfond samt Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturrådet