Kjøp billett
Sidan ho var tenåring har kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg vore ein pasjonert brukar og samlar av smykke. Samlinga hennar dekkjer nesten femti år, inneheld 580 gjenstandar og inkluderer verk av 215 smykkekunstnarar frå 30 ulike land. Nokre av smykka er masseproduserte, andre er unik kunst. Konvensjonelle former lever side om side med eksperimentelle objekt, og humor og politikk finst i rikt mon.
I foredraget vil Veiteberg ta opp kvifor ein blir samlar, og kva som gjer smykke så fasinerande som samleobjekt og kunstnarisk medium