Kjøp billett
Kari har dei siste åra stort sett gjort konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom gjer ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar. Han er også produsent for Karis utgivingar.
– I duoen ønskjer me å vareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om me berre er to på scena. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gir me publikum ei større lydverd enn i eit klassisk duoformat. Det trur me både songane og konsertane har godt av, seier Bremnes sjølv.
I tillegg til Bremnes og Hanssen er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.
På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av songar frå heile katalogen hennar.