Parken kulturhus

A trip to the Proms med Fredrik Steen og Nørvøy ungdomskorps

Nørvøy Ungsomdskorps - Klikk for stort bilete

Dette blir ein forrykande festkveld med mange kjende musikkstykke og fleire unge solistar. Med den særeigne humoren sin tek konferansier Fredrik Steen oss gjennom ein konsert fyllt med pomp, prakt, latter og allsong.

Dato
4. mars 2023
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

The Proms er eit årleg britisk arrangement beståande av ei rekkje arrangement og konsertar, og som blir avslutta med ein folkefest i Royal Albert Hall – «Last Night at The Proms». Avslutningskonserten feirar Storbritannia som historisk samvelde og stormakt, alt formidla gjennom musikken til både historiske og noverande britiske komponistar. 

Saman med konferansier  Fredrik Steen, musikalsk leiar og dirigent Tom Gontier, og solistane Maren Pernille Vartdal Skjong og Vilde Kristine Larsen, kan du bli med Nørvøy Ungdomskorps på vandringa vår over til England. Med musikk frå norske og britiske komponistar går reisa vår gjennom det som historisk har og framleis knyter dei to landa våre saman, og ender så opp med den feststemte avslutninga vår, versjonen vår, ein norsk PROMS, der du som publikum med entusiasme og song kan delta på Rule Britannia og Pomp and Circumstance – akkurat som på «Last Night at The Proms».

Fredrik Steen (53) har lang og brei artisterfaring frå både teater, revy, standup, film og fjernsyn, og har stått på dei fleste kulturscener over heile landet. Han har også sunge jazz i ei årrekkje saman med ulike kvartettar, orkester og storband, og har mellom anna gjort stor suksess med å syngja kjende amerikanske jazzstandardar på nynorsk. Fredrik er opphavleg frå Ulsteinvik på Sunnmøre, men er i dag busett på Frogner i Lillestrøm kommune.

Tom Gontier er fødd og oppvaksen i Mortsel, Belgia (1992), men har budd i Ålesund sidan 2016 og vore Nørvøys musikalske leiar sidan januar 2019. Han har ein bachelor- og mastergrad i musikk frå LUCA school of Arts i Leuven og konservatoriet i Antwerpen, har studert musikkteori og er utdanna lærer. Tom har vore frilanstrompetist i m.a. Belgias nasjonalorkester, filharmonien i Antwerpen og filharmonien i Brussel, og dessutan aktiv i orkester som t.d. Le Concert Olympique, The Antwerp Baroque Orchestra og L'Orchestre des Champs-Elysées i Paris. I tillegg til å dirigera er Tom også ein aktiv komponist.

Maren Pernille Vartdal Skjong er 18 år og går siste året på musikklinja ved Ålesund Videregående Skole. Ho har vakse opp på Valderøya og har trompet som hovudinstrument. Ho speler både i Vigra og Valderøy Skulekorps og Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk. I tillegg til dette speler ho i Sunnmøre Ungdoms Big Band og Big Odd Band. Maren har alltid elska musikk, og sidan ho byrja å spela kornett i seksårsalderen, er det nettopp det kvardagen hennar har dreidd seg om. 
Vilde Kristine Larsen er 18 år, oppvakse på Hessa og fløytist i Nørvøy Ungdomskorps. Ho har vore elev hos kulturskulen og aktiv korpsmusikant dei siste ni åra, og er tredje år-elev ved musikklinja på Ålesund VGs. Det tok nokre år før lidenskapen for musikk vart ordentleg tende, men no dominerer musikken kvardagen hennar – akkurat sånn som ho vil ha det.

Janitsjarkorpset Nørvøy Ungdomskorps held til i Ålesund og har sentrum i byen som
 kjerne i verksemda. Korpset tek inn medlemmer frå fylte 16 år og har ingen øvre aldersgrense. Korpset har ein stabil medlemsmasse på rundt 40 musikantar, der fleire har spelt i korpset heile livet. Øvingslokalet ligg i øvste etasje i Parkgata 3, som ligg berre eit par hundre meter frå den gamle Nørvøyskolen og vegg i vegg med Parken Kulturhus. Der øver dei kvar tysdag – eller oftare om nødvendig – og ønskjer nye musikantar hjarteleg velkommen!