Parken kulturhus

Perleskum

Perleskum - Klikk for stort bilete

Aasmund Olavsson Vinje sine dikt blir musikk.

Dato
30. april 2023
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Leiken musikk til Vinjes evigunge ord

I bandet Perleskum står felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg i front. 
Den friske og leikande folkesongen til Unni Boksasp ledar an, medan tubavirtuosen Lars Andreas Haug tek seg av både botn og nye høgder. Pianist Dag-Filip Roaldsnes loddar djupet på svarte og kvite, og Jorun Marie Kvernberg jagar opp og fram med boge og streng.

I eit mangekolorert kryssingsfelt mellom folkemusikk, vise og jazz leikar Perleskum seg med Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) sine dikt. I eit fantasifullt tonespråk gir kvartetten ny forståing av dei gamle orda om kjærleik, lengt og frustrasjon,  om kunsten, sorga og gleda.

Jorun Marie Kvernberg sine komposisjonar har i seg ei reise frå det tradisjonelle og inn i samtida. Landskapet er forfriskande og utøvarane frå folkemusikken og jazzen smeltar overraskande naturleg i hop i ein miks der dei alle likevel er seg sjølve fullt ut.

Våren 2023 kjem kvartetten med mykje nytt repertoar, signert Jorun Marie Kvernberg.