Kjøp billett
Etter over 20 år på den norske humorscena og fleire kritikarroste framsyningar på merittlista, har Christer Torjussen innsett at han ikkje blir særleg yngre. Det måtte han sjølvsagt gjera noko med. Vi er stolte av å presentere MidtlivsChrister, ein festleg berg-og-dal-bane av eit standupshow fylt med morosame betraktningar, observasjonar og fiffige skråblikk.
Korleis skal ein vera når ein har bikka ein viss alder? Kva no? Har ein vorte særleg klokare? Kva skal ein gjera med tida ein har igjen, og kvifor? Sjølvironi er Christers varemerke og han elskar å få deg til å le av eigne feil og manglar. Klassisk standup slik standup skal vera!
Dette bør du absolutt få med deg!