Parken kulturhus

Teatret Vårt // Barselfeber

Hovedbilde, Barselfeber - Teatret Vårt - Klikk for stort bilete

Leikent og tankevekkjande om morsrolla

Dato
4. mai 2023
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

På ei fødeavdeling på Vestlandet blir ulike lagnader og livshistorier kryssa gjennom eit heilt spesielt døgn. Medan sterke krefter herjar båe inne på avdelinga og utanfor, blir livshistoriene til desse kvinnene rulla opp. Dei avdekkjer sårbarheit og styrke, og syner korleis svangerskap, fødsel og morsrolla kan prege eit heilt liv.

I Barselfeber møter me ei kvinne som ikkje greier slutte å få barn, ei anna blei gravid mot si vilje. I eit tidvis draumeaktig univers blir lagnadene deira knytt saman med den barnlause jordmora og reinhaldsarbeidaren som måtte føde i eit framandt land.

For sjølv i eit straumlinjeforma samfunn, og med dei beste fagfolka i verda i fotenden av senga, opplevast det å bli mor heilt ulikt.

Slik musikalske minne ofte er knytt til dei store hendingane i livet, er musikken òg viktig i Barselfeber. Framsyninga eksperimenterer med popsongar som blir framførte i nye versjonar av skodespelarane undervegs. Dei er med på å formidle kva karakterane går gjennom - og viser korleis songar vi kjenner kan få ei anna betydning når dei blir flytta til ein annan stad.

Barselfeber er ei dels ettertenksam, dels komisk framsyning om det mest naturlege og mest overveldande i livet. Det er både beinhard verkelegheit, og overnaturleg kaos. Vil møta i det uvanlege døgnet endre livet til kvinnene endå ein gong, eller vil dei halde fram som før?

Dette skriver pressen:
«Starten bergtok meg. En temmelig naken scene. Enkelt og elegant. Sober musikk ligger i bakgrunnen. Den krever ikke oppmerksomhet. Det er for øvrig Sara Fellman som står bak den også. Fokuset er fosteret som romsterer i mors mage. Så selve fødselen, en dramatisk dans. Deretter de første vare timene hvor barnet tilvenner seg verden. Alt uten ord. Enkelt og mektig.» og «Slutten setter nemlig et tankevekkende punktum som gir rom for både tolkning og refleksjon.» Romsdals Budstikke

Karen Frøsland Nystøy på radio i NRK Møre og Romsdal:
 - Barselfeber løfter frem veldig mange fine, interessante, overraskende og nyttige sider ved det å bli mor. (…) Mange fine perspektiv og fint gjort. 

Jeg vil anbefale å gå å se det. Barselfeber er et godt stykke arbeid og veldig fint.

NRK nett skriver Karen Frøsland Nystøy:
- Stykket har mange element som vil vera lett å kjenna igjen for alle med mors­erfaringar, og det bringer fram interessante perspektiv knytt til barseltid og forventningar frå ein sjølv og omverda. Baby­livet blir godt spelt ut, og særleg god er framsyninga i dei fysiske sekvensane. Å bera fram barn og å bera dei vidare i livet er fint visuelt framstilt av skodespelarar og regissør.

- Barselfeber har vorte ein tankevekkjande, vár og attkjennande time i teateret.

Premiere 15. mars

Manus og regi 
Kjersti Botn Sandal

Scenografi og illustrasjoner 
Mari Watn

Lys 
Lasse Skrivarhaug

Musikk
Sara Fellman

Med 
Sara Fellman, Johanna Mørck og Linn Wennersten

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 04.05.2023 19.00 - 04.05.2023 20.00
  2. Fredag, 05.05.2023 19.00 - 05.05.2023 20.00