Parken kulturhus

Teaterlørdag // Nissen som mista trua på seg sjøl

Hovedbilde, Nissen som mista trua på seg sjøl - Klikk for stort bilete

-ei musikkteaterframsyning for heile familien.

Dato
10. desember 2022
Tid
12:00 - 13:00
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Nissen som mista trua på seg sjølv er ei musikkteaterframsyning for heile familien og baserer seg på den gamle fjøsnissetradisjonen og viser at vennskap og tilhørighet kan hjelpa med å finna trua på seg sjølv, enten ein er menneske eller nisse.

I «Nissen som mista trua på seg sjølv» får barn og vaksne møte Malmnissen som bur i Rasmusgården. Han er ein fjøsnisse som har mista trua på seg sjølv og på nisseslaget sitt. Malmnissen høyrer ofte at fleire og fleire menneske ikkje trur på han og på dei andre nisseslektningane. Han trur til og med at jenta på garden, Eira, har slutta å tru på han. Men har ho eigentleg det? Malmnissen veit at viss ikkje menneska trur på fjøsnissane, byrjar dei å forsvinna. Det vil han gjera noko med. Han lukkar auga og ønsker seg ein venn, og i det han opnar dei igjen står Nissejenta føre han. Klarer Nissejenta og Eira å hjelpa Malmnissen med å få tilbake trua på seg sjølv og finna tilbake til den gode, gamle fjøsnissen han ein gang var?  

Regi/manus
SommarRohde - Karianna Sommerro/Åsmund Lockert Rohde  

Musikk/songtekstar
Karianna Sommerro 

Kostyme
Liv Lockert  

Medvirkende
Malmnissen 
Jo Bjørner Haugom 

Nissejenta 
Karianna Sommerro 

Eira 
Nora Rian 

Gitar 
Einar Kjensmo Fuglerud  

Piano 
Lars Anda Berg 

Fiolin 
Ingrid Gausemel Remøy

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 10.12.2022 12.00 - 10.12.2022 13.00
  2. Laurdag, 10.12.2022 14.00 - 10.12.2022 15.00