Parken kulturhus

Bergen filharmoniske orkester

 

Hovedbilde, Bergen filharmoniske orkester - Klikk for stort bilete Nadia Norskott


Sonoko Miriam Welde er solist i Max Bruchs vakre, populære og eviggrøne fiolinkonsert. 

Dato
12. desember 2022
Tid
19:30 - 21:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Sonoko Miriam Welde er solist i Max Bruchs vakre, populære og eviggrøne fiolinkonsert. Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent Edward Gardner dirigerer.
 
Sonoko Miriam Welde og Bergen Filharmoniske Orkester kjenner kvarandre godt. Ho var berre ni år gammal då ho i 1996 var solist med orkesteret for første gang. Då Bergens Tidende intervjua henne i samband med konserten kunne ho fortelja at ho ''likte å spela fort på fiolin og at ho skulle bli tennisspelar når ho vart stor''. Heldigvis for oss alle valde ho å vere trufast mot fiolinen. No er ho anerkjent som eit av dei største talentane våre, er prislønte, og har spelt inn ein kritikerrost cd som inneheld mellom anna Max Bruchs fiolinkonsert. Leif Ove Andsnes seier om Sonoko at ho har ein sterk og personleg stemme i fiolinspelet sitt som både fascinerer og rører.
 
Max Bruchs fiolinkonsert frå 1866 er ikkje berre ein stor og romantisk fiolinkonsert, men kanskje rett og slett verdas mest populære, og det er ei stor glede å få spela ho på vestlandsturné saman med Sonoko. det er berre å glede seg til hennar gnistrande, inderlege og humørfylte spel.
 
Konserten blir innleidd med overtyren frå den tyske komponisten Engelbert Humperdincks opera Hans og Grete som er basert på Grimm-brødrenes kjente samling av eventyr. Engelberts søster hadde skrive nokre vers baserte på eventyret, og ho spurde broren sin om han kunne lage musikk til dei slik at dei kunne framførast på eit juleselskap ho hadde planlagt for barna sine. Han gjorde det, la til fleire songar og kalla resultatet eit syngespill som han så, jula 1890, gav til kjærasten sin som forlovelsespresang. Juleferien var knapt ferdig før Engelbert orkestrerte songane og den komplette operaen vart til. 
 
Vi er framleis i eventyrverda når Edward Gardner, Bergen Filharmoniske Orkesterets sjefdirigent, rundar av konsertkvelden med utvalde høgdepunkt frå Peter Tsjaikovskijs magiske og melodiøse ballett Tornerose. Mange kjenner forteljinga om prinsessa som sovnar inn etter å ha stukke seg på ein spindel, og som berre kan vekkast av eit kyss.

PROGRAM
Engelbert Humperdinck: Hans og Grete, forspill
Max Bruch: Fiolinkonsert
Peter Tsjaikovskij: Tornerose (Edward Gardner suite)

MEDVERKANDE  
Edward Gardner, dirigent
Sonoko Miriam Welde, fiolin
Bergen Filharmoniske Orkester
 
Foto: Nadia Norskott