Parken kulturhus

Høstscena 2022 // Åpning med festivalkunstner Trine Røssevoll - Profeti, Bot og Kamp

Hovedbilde, Festivalåpning, Trine Røssevoll - Klikk for stort bilete 

Dato
28. september 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Foajeen

Henders verk. Ein kan fort tenke at dette er eit tema som handlar om hender. Eller ein kan tenke at det handlar om produktet, resultatet, konsekvensen av det ein skaper med hendene. Handverket. Men i Røssevolds tolking av temaet har ho gripe tak i det som ligg mellom hender og verk, altså handlinga. Og ut frå dette har kunstneren valt å dvele ved tvetydige handlingar. Altså handlingar som kan vere ulike ting og ikkje berre ha eit resultat, eller ein konsekvens.   

Ut frå dette har ho laga ei utstilling som ho har kalla Profeti. Utstillinga viser digre bevegelige figurar i papp som heng frå takbjelkane i Foajeen på Parken kulturhus. Figurane er montert saman med tråd og om ein dreg i trådane vil figurane sprelle og smelle kraftig med delane sine. Rundt omkring i rommet er det stilt ut ei rekke objekt som også er overdimensjonerte og laga i papp. Desse viser alle objekt som i si opprinnelege form skal brukast for å gjere ei handling. Objekta er laga av elevar frå KDA ved Ålesund videregående skole. 

I utstillinga skal det skje ulike hendingar kalt BOT og KAMP. Fredag 30.september blir det invitert til botshandling i utstillinga og laurdag 1.oktober blir det sett opp ein boksering i utstillinga. Kl 21.00 blir det boksekamp i regi av Ålesund bokseklubb. Seks boksarar gjennomfører tre kampar. Kampen er ein del av utstillinga. Og markerer slutten på utstillinga Profeti. Altså ein finnisage.  

Utstillinga er tilgjengeleg i kulturhusets opningstid.

Publikum oppfordrast til å ta på / trekke i trådar/ og handsame verka som dei ønsker.

Gratis inngang