Parken kulturhus

Høstscena 2022 // Poesiscena: Runar Gudnason, Kim Åge Furuhaug og Torgeir Hovden Standal

Hovedbilde, Poesiscena 1/10 - Klikk for stort bilete   

Dato
1. oktober 2022
Tid
12:00 - 12:30
Stad
Foajeen

Runar Gudnasson – Hovdebygdingen, musikar, låtskrivar, også kjend som artisten «Sjef R» og «Torstein HYL» i rap-orkestret Side Brok. Då han fekk språkprisen for 2021 fra Sunnmøre mållag  skreiv dei: Gudnasson har eit lokalt utsyn frå Digernes og med vidsyn og tvisyn ser han seg vidt omkring og nyttar det nynorske språket på framifrå, kreativt, men korrekt vis. Dei seinare åra har han vore nytta som oversettar for Det norske Teatret ved fleire høve og kritikarane hyllar han for kreative og smarte vendingar.  

Vi har invitert Gudnasson til å skrive nye tekstar og vi gler oss intenst til å vere til stades når han kjem med sin språklege musikalitet og tydelege identitet. Runar har fått velge sine eigne lekekamerater og det vart Kim Åge Furuhaug, som er slagverker, frå Volda. Og Torgeir Hovden Standal, gitarist fra Ørsta.  Kule kiser som kler ein kul Runar frå Hovdebygda. 

Gratis inngang