Parken kulturhus

Høstscena 2022 // Håndplukk i fjæra

Hovedbilde, Håndplukk i fjæra - Klikk for stort bilete 

Dato
2. oktober 2022
Tid
13:00 - 16:00
Stad
Molnes

Kjøp billett

Den siste festivaldagen er vigd ei felles vandring i den sunnmørske naturen, vi skal ut å sanke mat i fjøra på Molnes. 

Hausten er fin sesong for å ferdast i fjell, fjøre og terreng, og nordmenn er flittige brukarar av både nær-naturen og toppane. Det dei færraste veit, er at vi ferdast blant ei mengde etande vekstar som endå ikkje har fått fast plass på spisebordet. Det ønsker vi å gjere noko med! I år kan Høstscena og Kristin invitera dykk ut i Sunnmøres mangfaldige natur. Å sanke er ikkje berre matauk – det gir deg eit pusterom i kvardagen, og er òg ei øving i beundring og respekt for naturen.

Forfattar Kristin Helene Randulff Nielsen har sidan 2014 plukka ville vekstar for fleire kjente Oslo-restaurantar som Smalhans, Kontrast og Maaemo, til glede for Kongens bord og for å pryda mat på tv-skjermen. I 2018 gav ho og den selvlærte kokken Magnus Slagsvold Støre ut boka «Handplukk», som vart ein stor suksess.

  • kl 13.00: festivalbuss avgang Ålesund rutebilstasjon eller møt opp på Roald P-plass kl 13.30(presis avgang 13.30)
  • kl: 15.30: retur Ålesund sentrum
  • kl: 16.00: Felles måltid på Avholdshjemmet