Parken kulturhus

Teaterlørdag // Verden har ingen hjørner

 

Dato
24. september 2022
Tid
12:00 - 12:40
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Dette er verda. 
Og verda er større enn tusen og tusen og tusen kjempestore fjell. 
Men alt får plass inni hovudet mitt likevel. 
 
«Verden har ingen hjørner» er ein visuell og musikalsk framsyning, fritt etter boka av Svein Nyhus med same namn. Vi blir med på reisa til eit barn inn i tankeverda, og forsøket dens på å begripe alt: Er mørkegrønt storebroren til lysegrønt? Blir vi støv under sofaen når vi døyr? Og kan eigentleg grisar tissa på seg, når dei ikkje har bukser? Gjennom bokas filosofiske, artige og poetiske betraktninger inviterer vi publikum til ei leiken framsyning om barnets eksistensielle undring og finurlige tankar. 

Framsyninga varer i 40 min. og passar for barn frå 3 år.

Kreditering:
Skodespelarar: Maja Sørbø og Tormod Draget Skavern  
Regissør: Julia Sørensen  
Musikk: Hans-Ole Sponberg Hansen, Julia Sørensen og Maja Sørbø 
Scenograf: Tor Christian Meling  
Produsent: Maud Monceyron Jonassen 

Basert på boka «Verden har ingen hjørner» skrive av Svein Nyhus. 
Framsyninga er støtta av SPENN, Kulturrådet, Oslo kommune og Oslo Teatersenter, og hadde idéutvikling på Unge Viken teater.

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 24.09.2022 12.00 - 24.09.2022 12.40
  2. Laurdag, 24.09.2022 14.00 - 24.09.2022 14.40