Parken kulturhus

Høstscena 2022 // Sparks

Hovedbilde, Høstscena: Sparks - Klikk for stort bilete I Sparks blir forholdet mellom voksen og barn snudd på hovudet, og det er sistnemnde som snakkar til oss om framtida. Vil vi høyre på dei?

Dato
29. september 2022
Tid
19:00 - 19:30
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Francesca Grillis Sparks er eit deltakelsesbasert prosjekt, med utspring i ei enkel handling: Barn les framtida til vaksne i handflata deira, som ein håpefull gest og eit brot med fortida. Sparks set oss i ein situasjon der kroppen blir tolka, noko som gir deltakaren eit unikt blikk på verda. Oppsetninga gir barn magiske krefter og evna til å spå framtida, for ei kort stund.

Denne skjøre og mystiske performancen er basert på tre element: Hendene, som er den delen av menneskekroppen som er mest eksponert mot verda, og kontaktpunktet mellom ulike generasjonar; lesingen av handa, brukt som ein leik for å uttrykke fantasi og lengsler; hattane, som representerer eit leikent ekko av hjelmane som i framsyninga vernar barnet mot den voksnes direkte blikk.

I Sparks blir forholdet mellom voksen og barn snudd på hovudet, og det er sistnemnde som snakkar til oss om framtida. Vil vi høyre på dei?
Performancen blir ført til av ein fleire dagar lang workshop for barna, saman med Azzurra D'Agostino, der dei utforskar håndlesingens kunst og nokon av metodane til orakelet.

Arrangør

Høstscena

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 29.09.2022 18.00 - 29.09.2022 18.30
  2. Torsdag, 29.09.2022 19.00 - 29.09.2022 19.30