Parken kulturhus

Høstscena 2022 // Ellen Sofie Hovland

Hovedbilde, Ellen Sofie Hovland - Klikk for stort bileteEllen Sofie Hovland kjem til Teaterfabrikken under årets Høstscena 

Dato
28. september 2022
Tid
21:00 - 22:00
Stad
Teaterfabrikken

Kjøp billett

Kva er eigentleg ei vise? Visa er i alle fall ikkje høglydt, kategorisk og brautande. Visa er det lågmælte og det tenksommes verktøy i ein støyande verda. Visa handlar om å verkeleg prøva å seia noko. Det er noko sårbart med visa. Visa er ikkje selvhøytidelig. Visa vågar å vere både morosam og sønderknust og corny og alt sånt som livet er. Kanskje visa er ei haldning? Visa er forteljingar om oss. Visa er nerdanes populærmusikalske moglegheit i ein elles kul, glossy og eggande rytmisk bransje med sponsa klesplagg og høg it-faktor.
 
«Ellen Sofie er en av vår tids aller beste norske låtskrivere. Hun har en oppsiktsvekkende god observasjonsevne og er sterk både på tekst, melodi og framføring. Hennes særpregede stemme formidler på en helt egenartet måte de originale og sterke tekstene. Hun har en unik og betagende kombinasjon av sårbarhet og trygghet.» (kkv.no)
 
Dørene opnar klokka 20.00