Parken kulturhus

Team Bachstad – På turné

 

Team Bachstad, På turné - Klikk for stort bilete

Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad alias Team Bachstad

 

Dato
25. mars 2023
Tid
19:00 - 20:20
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 tatt med TV-sjåarane på ei rekke reiser verda rundt – alltid på utradisjonelt vis.  Åtte sesongar har så langt gått på TV. I haust kjem sesong ni på NRK1 med Team Bachstad.   

No får publikum moglegheita til å oppleva Team Bachstad «live»!  I samarbeid med NRK blir det invitert til eit talk-show der publikum blir med på ein nær halvannan time lang reise i levande live, med humor, filmklipp og historier som ikkje kom med i programma!

Dei åtte sesongane på NRK (https://tv.nrk.no/serie/team-bachstad) starta med ei reise i ein veteran-brannbil til Mongolia.  I sesong to kryssa de India på tvers i auto rickshaw.  Deretter venta ei kryssing av det søramerikanske kontinentet i eit godt brukt bruktbil! I sesong fire la dei ut på ein tur frå sør til nord i Finland i to knøttsmå varemopedar.  Den femte sesongen vart halde til i Indokina i eit utrangert Land Cruiser som Forsvaret skulle gi til Norsk Folkehjelp i Kambodsja. Sesong seks drog dei i østerled.  I ein 34 fots motorbåt skulle dei segla på elvar frå St Petersburg gjennom Russland, Kviterussland, Ukraina, over Svartehavet med Istanbul som mål.  Også i sesong sju flytta dei seg i det våte elementet når dei besøkte ein del øyar i Karibia.
Koronaen sette ein stoppar for å reisa utanlands i 2020 – då vart løysinga å dra Noreg på langs i ein elektrisk postbil.

No gleder Øystein og Rune seg til å komme til Ålesund 25. mars!