Parken kulturhus

Dora Thorhallsdottir // Overganger

Hovedbilde, Dora Thorhallsdottir - Overganger - Klikk for stort bilete 

Dato
13. januar 2023
Tid
19:00 - 20:15
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Overganger er eit standup-show om dei ulike overgangane i livet, om kor trøblete dei er, men også ofte ufrivillig komiske. Overgangsalderen til dømes. Vi skal alle dit når vi er ca halvvegs i livet, men det er det ingen som snakkar om. For på merkeleg vis har vi klart å gjera det å bli eldre, i ein kropp som naturleg forfell, til noko skamfullt (heia mennesker!). Av den grunnen veit vi ikkje noko som helst om kva vi har i vente, er det ikkje eit supert opplegg?! 

Dette showet er ein hyllest og ei kjærleiksfråsegn til kvardagsmennesket. Det er observasjonar av absurde ting vi driv med i kvardagen og ikkje minst ein gjennomgang av alt gnålet som følgjer av å ha ein kropp. Målet er at du ler masse, men kven veit, kanskje du lærer noko om vår tids siste tabu: overgangsalderen? Det er berre å glede seg!