Parken kulturhus

Bokbad // Nina Lykke: Vi er ikke her for å ha det morsomt

Nina Lykke - Klikk for stort bileteTrass i tittelen på den nye romanen sin, oppsøker i alle fall lesarane Nina Lykkes romanar for ha det morosamt. 

Dato
14. november 2022
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett
 
Elisabeth Solvang i samtale med Nina Lykke om den nye romanen hennar, Vi er ikkje her for å ha det morosamt. Ei historie om bortskjemde middelklassemenneske som grev rundt i sitt eige navlelo.
 
Knut er ein middelaldrande forfattar med éin suksessroman bak seg. No har han vorte invitert til litteraturfestivalen på Lillehammer, ei moglegheit han grip med begge hendene og som han planlegg å tyna mest mogleg ut av.
Nina Lykke held lupen over eit miljø der alt er lov – viss ein berre held seg til reglane. For vi er jo ikkje her for å ha det morosamt.
 
Med tidlegare romanar som Nei og atter Nei og Full spredning – en legeroman, har Nina Lykke har fått ein stor lesarskare både i Noreg og i utlandet.