Parken kulturhus

Bokbad // Erlend Loe: Giæver og Iunker

Erlend Loe - Klikk for stort bileteDen nye biblioteksjefen vår, Nesteren Hasani, i samtale med Erlend Loe om den nye romanen hans, Giæver og Iunker.

Dato
12. oktober 2022
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Gamle Giæver bruker dei siste dagane sine på jorda til å orientera unge Giæver om familiehistoria, om praktiske ting som gjørmetanga, pick-upen, meiseboller, puter, skuter, damer og ikkje minst om den åtte hundre år gamle konflikten med Iunkerfamilien på nabogarden. Giæver har ikkje lyst til å forlata dette livet utan at skikkar og sedvanar, kunnskap, livsvisdom og hatet mot Iunkerne føres vidare av neste generasjon. «Du! Hei! Sjå på meg når eg snakkar! Noterer du? Er du klar? Har du slått på opptakaren? Eg vil at du tar opp det eg seier og noterer samtidig. Då får du med deg alt. For det som ikkje blir fortalt forsvinn. Det som blir fortalt forsvinn òg, men det tar lengre tid. Betrakteleg lengre tid. Okay? Greitt? Du er du klar? Godt.»

Med tidlegare utgivingar som Naiv. Super, Doppler, Kurt-bøkene og Dyrene i Afrika er Erlend Loe vorte ein av landets mest produktive og las forfattarar.