Kjøp billett
Ingen i Vågheim hadde venta at Arnstein Lunde skulle bli storimportør av sexleketøy – aller minst Arnstein sjølv. Men ein dag får han ved eit mistak ein større forsending dildoer til nettbutikken sin fiskogelektro.no. For Arnstein er det verd eit forsøk. Han marknadsfører feilsendinga under merkelappen «Morokroken», og dei blir selde unna i eit tempo han hittil ikkje har sett maken til. Arnstein er ein grunnleggande anonym mann frå Lørenskog, som har halde til halve livet i den vesle sunnmørsbygda som motvillig er slått saman med Ålesund. Både bygda og Arnstein er på veg nedforbakke, og no truar kona Lindis med å forlata dei begge. Det hastar for Arnstein å gjenoppfinne seg sjølv. Om det så er eit dildoutsalg som skal til.
Bjørn Vatne (f. 1976) er busett i Ålesund, Underliv er den fjerde romanen hans.