Parken kulturhus

Riksteatret // Nei og atter nei

Hovedbilde, Nei og atter nei - Riksteatret - Klikk for stort bilete

Nina Lykke sparer ikkje på krutet når ho tar tidsånda på kornet og får oss til å le av oss sjølve. Gle deg til ein nådelaus satire over livet vårt! 

Dato
21. mars 2023
Tid
19:00 - 21:20
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Av Nina Lykke. Dramatisert av Liv Heløe.

Ingrid og Jan har vore gift i eit kvart århundre og bur i ein villa med dei to sønene sine. Gutane er store nok til å verte rekna som vaksne, men oppfører seg som hotellgjestar. For Ingrid har både familielivet og læraryrket mista glansen.

Jan, derimot, får opprykk til avdelingsdirektør i departementet og blir overmanna av ein ny og energisk giv. Og av den langt yngre rådgjevaren Hanne, som er i ferd med å bli akterutsegla på familiefronten. Det er på tide å ta grep. 

«Nei og atter nei» er ein skarp, morosam og ubehageleg roman om kjernefamiliens kår i eit samfunn der lysta her og no er den edlaste leiestjerna og ingenting er så drygt at det ikkje kan forsvarast med individet sin trong til fridom.

Med kritikarroste Maren Bjørseth i registolen og Ingunn Beate Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu på scenen, kan ikkje dette bli anna enn ein fest av ei framsyning, som mange vil kjenne seg så altfor godt igjen i.

Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).

Premiere i Oslo, Nydalen 16. februar 2023
Turnépremiere i Størdal 21. februar 2023

Med Ingunn Beate Strige Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu.

Regissør Maren E. Bjørseth
Dramatiker Liv Heløe
Scenograf Signe Gerda Landfald
Kostymedesignar Marianne Sembsmoen
Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesignar og komponist Alf Lund Godbolt
Dramaturg Kristofer Blindheim Grønskag
Produsent Silje Vigerust Vinjar
Produsert av Riksteatret