Parken kulturhus

Stormfulle høyder // Riksteatret

Hovedbilde, Stormfulle høyder - Riksteatret - Klikk for stort bilete

Ei medrivande og vakker historie om klasseforskjellar, hemn og umogleg kjærleik.

Dato
21. februar 2023
Tid
19:00 - 21:20
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

 


Av Emily Brontë. Dramatisert av Rebekka Nilsson.

Ei medrivande og vakker historie om klasseforskjellar, hemn og umogleg kjærleik

Den foreldrelause guten Heathcliff blir tatt inn av familien på godset Wuthering Heights, og i løpet av kort tid blir han og dottera i familien, Catherine, svært knytt til kvarandre. Den sterke kjensla av tilknyting held seg sjølv etter at Catherine giftar seg med den rike naboen Edgar Linton.

Emily Brontës romanklassikar «Stormfulle høyder» er ei av tidenes største kjærleiksforteljingar. Catherine og Heathcliffs intense kjærleik er tidlaust fascinerande. Her er det ingen heltar. Berre menneske. Drivne av fortviling, hemnlyst og sjalusi. Og av dei destruktive, stormfulle kreftene i naturen.

Mange TV-seriar og filmatiseringar er blitt gjort av «Stormfulle høyder». TV-serien «Normal People» har klare referansar til Brontës verk, og mange har vel høyrt «Wuthering Heights» av Kate Bush?

Med Riksteatret får du oppleve Emma Bones (frå NRKs «Heimebane») og Ravdeep Singh Bajwa (fra NRKs Norsk-ish) som Catherine og Heathcliff i ein moderne versjon av den britiske klassikaren, ei fargerik og musikalsk framsyning om kjærleik og øydeleggjande krefter.

Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause)

Premiere i Oslo, Nydalen 25. januar 2023
Turnépremiere i Risør 1. februar 2023

Med Emma Bones, Ravdeep Singh Bajwa, Lars August Jørgensen, Mona Huang, Ragnhild Tysse og Lars Henrik Aarnes.

Regissør Rebekka Nilsson. Scenograf og kostymedesignar Katja Ebbel. Lysdesignar Oscar Frostad Udbye. Komponist Matthias Sigurdsson. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Dramaturg Florian Hellwig. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret.