Parken kulturhus

Eva Weel Skram // Falle til ro – ein julekonsert

Hovedbile, Eva Weel Skram julekonsert 2022 - Klikk for stort bileteEva Weel Skram kjem tilbake med ny julekonsert i desember. 

Dato
17. desember 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Seks år har gått sidan Eva Weel Skram slapp sin første julelåt, og dei siste åra har ho starta ein kjærkommen tradisjon med å spela julekonserter, med alle sine julefavoritter i bagasjen.

Skram har gong på gong bevist at ho er ein meister på å tolka andres låtar, og alle som har opplevd ein av hennar julekonserter kan skriva under på at Eva og dei musikalske kumpanane hennar, meistrar å fletta saman tradisjonsrike julesanger med storslagne julehits på ein både dynamisk, underholdande og stemingsfull måte. Her er det duka for ein aften med smittande humør og musikalske perler på ei snor.
Ein av Evas første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass i lista over nye norske juleklassikere, og har etterkvart fått følgje av «Falle til ro» som Eva skreiv til Netflix-suksessen «Heim til jul», og dessutan tolkingar av juleklassikere som «No tennast tusen julelys» og «Romjulsdrøm».
Juleturneen «Falle til ro», strekker seg frå midten av november til to dagar før jul.

Velkommen!

Andre tidspunkt

  1. Fredag, 16.12.2022 19.00 - 16.12.2022 20.00
  2. Laurdag, 17.12.2022 18.00 - 17.12.2022 19.00