-
Dato
-
17. september 2022
-
Tid
-
18:00 - 19:00
-
Stad
-
Parken kulturhus | Foajeen
Kjøp billett
Ketil Strand rakk akkurat å halde releasekonsert for sitt førre soloalbum i foajeen på Parken Kulturhus 6.mars 2020, veka før landet stengte ned. 17.september er han tilbake på same stad for å presentere det fjerde albumet sitt, "IV".
I tillegg til å ha vore gitarlærar ved Ålesund Kulturskole og musikklinja på Fagerlia i 30 år, har Ketil Strand vore ein flittig brukt gitarist i ei rekke ulike samanhengar her i distriktet. Det vere seg som medlem i fleire band, t.d. Brothers In Arms - A Tribute to Dire Straits og Van Halen Tribute Band, eller som innleidd gitarist for ei lang rekke solistar, kor, korps etc., både lokale, nasjonale og internasjonale, vi nemner i fleng: Hanne Boel, Jørn Hoel, A1, Christian og Stein Ingebrigtsen, Torstein Sødal, Tricia Bouttè, Elisabeth Andreasson, Ola Bremnes, Jessy Dixon, Knut Marius Djupvik, Maria Holand Tøsse, Stine Hole Ulla etc.
Parallelt med dette har han òg heile tida jobba med sin eigen musikk, både med eigne band og som soloartist, og har tidlegare gitt ut tre soloalbum; «Axe-Files» (2011), «II» (2013) og "Spor" (2020). Alle desse albuma inneheld ei variert samling av eigenkomponerte instrumentallåter med inspirasjon frå mange ulike stilarter, spelt på mange ulike gitarar (som det ryktast at han har ganske mange av..!)