Parken kulturhus

Ketil Strand // Releasekonsert

 Ketil Strand presenterer sitt fjerde soloalbum, IV.

Dato
17. september 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Parken kulturhus | Foajeen

Kjøp billett

Gitarist Ketil Strand frå Ålesund og Giske er ein mann med mange musikalske jern i elden, både som medlem av fleire ulike band og som innleidd musikar for ei rekke ulike solistar og kor m.m.  Men innimellom alt dette finn han òg tid til å fokusera på sin eigen musikk, og i desse dagane kjem han ut med det 4. soloalbumet sitt; "IV".  

Som på dei 3 førre albuma har han gjort alt sjølv; komposisjon, innspeling, og produksjon. Musikken er som vanleg instrumental og blir framført på ulike gitarar, både akustiske og elektriske. Her finst påverknad frå mange forskjellige sjangrar, med både rolege, stemningsfulle balladar og betydeleg heftigare og raskare låtar, og med nokre få unntak spelast alt på éin gitar i gangen, sjølv om det ryktast at han har veldig mange å ta av..

Laurdag blir det releasekonsert, eller slippekonsert om ein vil, i kulturhusets foajé. Der stiller Ketil åleine på scena med eit knippe ulike gitarar for å framføre heile det nye albumet live, med av litt prat om kvar av låtene.
Det har nærast vorte eit varemerke for Strand å skrive låtar til dei nære familiemedlemmene sine, og det er eit par slike på det nye albumet òg.  I tillegg har han m.a. skrive eit par låtar som hyllest til to lokale idrettsheltar; Karsten Warholm og Sebastian Foss-Solevaag. Det er kanskje tvilsamt om nokon av dei dukkar opp på konserten, men om dei skulle gjera det, lovar Strand at dei skal få kvar sitt signerte eksemplar av cden!