Kjøp billett
I dette foredraget fortel obersten i tv-suksessen Kompani Lauritzen historia bak dei mange utfordringane deltakarane møtte, og om det unike fellesskapet, kjensla av mestring og opplevingane dei får. Med bakgrunn i eigne erfaringar frå Forsvaret og andre arenaer, og erfaringane frå tre sesongar med Kompani Lauritzen, forklarer Dag Otto Lauritzen korleis viljestyrken verkar, og gir konkrete tips og råd om korleis publikum sjølv kan henta fram krefter dei ikkje aner at dei har, for å utfordra og utvikla seg sjølv.
Velkommen til ein spennande og inspirerande kveld om mestring, vilje styrke og fellesskap, der Dag Otto tar deg med “bak kulissene” i Kompani Lauritzen og fortel om metodane som blir brukte for å skapa ein av TV2 sine største sjåarsuksessar!
Dag Otto Lauritzen er ein tidlegare norsk syklist med mellom anna ein tredjeplass i OL. Han var den første nordmannen som vann ein etappe i det prestisjefylte Tour de France. Han er ekspertkommentator på TV2, har m.a. vunne Mesternes meister, og er saman med Kristian Ødegård skaparen av realityserien Kompani Lauritzen.