Parken kulturhus

Høstscena // Hold kjeft, det er Ibsen!

Høstscena: Hold kjeft, det er Ibsen! - Klikk for stort bileteLiv Gulbrandsen byr på ein halsbrekkende morosam, nær og inderleg forteljing om Henrik Ibsen og si eiga bestemor. 

Dato
1. oktober 2022
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Liv Gulbrandsens bestemor elska Ibsen. Og ho dro med seg barnebarnet i teateret for at Liv, i altfor ung alder, skulle få sjå Hedda skyte seg. Bestemor hadde ei historie ho ikkje kunne fortelja, og nokon livsviktige råd. Men kva slags historie var dette? 
Nokon gangar må vi bruke andre sine ord der vi manglar våre eigne. 

Mange kjenner forfattar, programleiar og kulturpersonlegdom Liv Gulbrandsen frå hennar feministiske, litterære harselaser på scena. Fifty Shades of Grey-trilogien, Karl Ove Knausgårds seksbindsverk Min Kamp og Jo Nesbøs krimbøker om Harry Hole har alle vore gjenstand for Gulbrandsens godlynte vrede. Når ho no tar utgangspunkt i verka til Noregs største dramatikar, kan vi forventa oss ein annan, og meir personleg historie. Liv fortel om kloke og merkelege opplevingar av Ibsens skodespel saman med bestemor, i ein halsbrekkende framsyning der du kan gråte og le, eventuelt le til du græt.
 
Framsyninga Hold kjeft, det er Ibsen! er ein komisk, nær og inderleg kjærleiksfråsegn til mødrene og bestemødrene våre, om strevet til generasjonar, om kunsten, teateret – og ikkje minst om Henrik Ibsen. 

Produsent: Bastian Stabell Feelgood&iStage 
Forestillingen er utvikla i samarbeid med Nationaltheatret.