Parken kulturhus

Gunnar Danbolt // Bertha Wegmann, en nesten glemt dansk kvinnelig kunstner

Kunstklubben, Gunnar Danbolt - Klikk for stort bileteForedragshaldar, prof.emer Gunnar Danbolt

Dato
5. oktober 2022
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

I januar forelas Danbolt om Anna Ancher og Skagenmalerne. Denne gangen vil han snakke om den ukjente danske kvinnelege kunstnaren Bertha Wegmann (1847-1926).  Ho var samtidig som Anna Ancher, men fordi ho var fødd i Sveits og flytta til Danmark først som 5-åring, vart ho aldri anerkjent som ekte dansk. Ho var kjent og anerkjent i sin samtid og deltok i store utstillingar i inn- og utland og var ein etterspurd portrettmalar. 

På trass av ei imponerande karriere er Wegmann stort sett eit ubeskrevet blad i dag. Gløymselen tredde allereie inn i hennar eiga levetid, der ho verken fekk plass i kunsthistoria eller vart innkjøpt til dei danske kunstmusea. Denne skjebnen deler Wegmann med mange andre samtidige kvinnelege kunstnarar.  Dette reiser ei rekke interessante problem som Gunnar Danbolt vil introdusera.

Foto: Hans Jørgen Brun
Arrangør: Kunstklubben i Ålesund