Kjøp billett
Solfrid Otterholm vil denne kvelden ta for seg Lars Kjemphol si aktuelle utstilling ved Jugendstilsenteret og KUBE, der ho òg jobbar som kurator.
Lars Kjemphol er ein multikunstner som jobbar med fleire medium: frå store installasjonar til musikk, kunstnarbøker og grafiske trykkar. Det fremste kjenneteikna ved det kunstnariske virket hans er den inkluderande arbeidsmåten, som involverer ulike kunstnarar og samfunnsgrupper. Ein kan hevde at hans viktigaste materiale så langt har vore menneske, under mantraet: Kunst for dei som ikkje visste dei likte kunst. Kjemphol står i ein tradisjon av kunstnarar som sidan byrjinga av 1900-talet har jobba med å bryte ned skiljet mellom utøvar og publikum, profesjonell og amatør, produksjon og mottak. Dette foredraget vil gi innsikt i Kjemphols kunstnariske virke og begrepet sosial skulptur.
Jugendstilsenteret og KUBE har sju skulpturar frå Kjemphols prosjekt, Woodland (2009-) i samlinga. Prosjektet kan beskrivast som ein sosial skulptur med skateboard som medium.
Lars Kjemphol (f. 1980) bur og arbeider i Oslo, og er oppvakse i Sykkylven. Han har ei mastergrad frå Statens Kunstakademi i Oslo i 2008.
Foto: Kristin Støylen, Viti
Arrangør: Kunstklubben i Ålesund