Kjøp billett
Terje Sporsem er tilbake med eit standupshow der han skal prøva å finna essensen av Noreg. Kva vil det eigentleg seie å vere norsk? Er vi framleis naive lykkejegerar eller har olja gjort oss til stappmette verdsborgarar? Med eit humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og nåtid vil Terje prøva å nærma seg svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk».
Dette er Terje sitt fjerde soloshow - og har premiere i jubileet til 25-året hans som komikar. Hans tidlegare show har gjort stor suksess på både scene og skjerm, og har plassert Terje som ein av landets fremste og mest samfunnsengasjerte komikarar.
Regi: Arvid Ones