Parken kulturhus

Kevin Vågenes // Singel i parterapi

Plakat, Kevin Vågenes - Klikk for stort bileteKevin Vågenes har levd heile livet som singel, men har likevel fått heile Noreg til å elske Parterapi

Dato
7. januar 2023
Tid
21:00 - 22:15
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

I "Singel i Parterapi" står Kevin Vågenes for aller første gang åleine på humorscena med eit morosamt, musikalsk og personleg show. I tillegg til å bli betre kjent med Kevin bak maska, får vi møte både Kjell-Simen, Kenneth, Sara-Eline og fleire av dei høgt elska karakterane frå Parterapi-sofaen.
 
Kevin Vågenes er Noregs mest populære komikar for augneblinken. Han har eit heilt unikt talent som karakterkomikar og lagar typar vi alle kjenner oss igjen i og kan le rått av. Kevin har vorte genierklært for humorserien Parterapi og serien har vorte sett av over 1,3 millionar sjåarar.
 
Kevin har vunne to Humorpriser, ein Komipris og Gullruten for Beste Humorprogram. Han vart i 2019 tildelt Leif Justers Ærespris og Parterapi vart òg nominert til den internasjonale TV-prisen Gullrosen i 2019.
Han er òg kjent frå humorseriar som i Jul i Blodfjell, Nissene over skog og hei, Kollektivet og Mellom Bakkar og Berg.
 
Men det er altså på scena han skin som aller best – velkommen til Kevin Vågenes!

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 07.01.2023 19.00 - 07.01.2023 20.15
  2. Laurdag, 07.01.2023 21.00 - 07.01.2023 22.15