Parken kulturhus

Amazing Bubble Man

Hovedbilde, Amazing Bubble Man - Klikk for stort bileteLouis Pearl har trollbunde publikum med sine såpeboble-show i over 30 år.

Dato
10. september 2022
Tid
15:00 - 16:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Dette er eit show heile familien vil storkose seg med.

Såpebobler har gleda og fascinert barn, og vaksne, gjennom generasjonar. «Amazing Bubble Man» har tatt med seg gleda over såpebobler inn i vaksen alder og har i over 30 år trollbunde publikum med sine såpeboble-show fulle av visuell kunst, magi, vitskap og rein glede rundt fenomenet.

Louis Pearl har vore ein av attraksjonane på Edinburgh Fringe Festival i mange år – i heile 13 år har showet vore utselt.

Louis utforskar den storslåtte dynamikken i bobler, og kombinerer komedie og artisteri med publikumsdeltaking – her får vi boble-triks som tar pusten frå publikum i alle aldrar. Frå firkanta bobler til rakettbobler, tornadobobler til flygande tallerkenbobler – Amazing Bubble Man får publikum til å hikste av latter, klø seg i hovudet av undring men ikkje minst applaudera i rein beundring!