Parken kulturhus

Høstscena // Johbru

Artistbilde, Johbru - Klikk for stort bileteJohn-John Bruseth kjem med nytt album og konserten på Teaterfabrikken blir den første i Ålesund på mange år. 

Dato
29. september 2022
Tid
20:00 - 21:00
Stad
Teaterfabrikken

Kjøp billett

Med låtar som Sunn Møring og På tur i Apeland bora JOHBRU (John John Bruseth) seg inn i hjarta til sunnmøringar på 80-talet. For første gang på snart 40 år er han tilbake med ny musikk, med albumet «Kongen frem og tilbake». 

Slippkonserten skjer på Teaterfabrikken under Høstscena. Dette er JOHBRUs første konsert i fødebyen Ålesund på mange år. Han har fått strålande tilbakemelding på dei nye singlane Kongen av Ingenting, Bevegelsensstillhet og Hollywood, og han begeistrar konsertpublikummet med humor, djupe kjensler og historier frå eit eventyrleg liv.

Ein konsert med John-John er garantert ei oppleving utanom det vanlege. Med seg på scena har han pianist Torstein Eidet.

Arrangør

Høstscena