Kjøp billett
Høg spenning!
Tenk deg ein kube. Full av energi. Som byrjar å leva sitt eige liv. Som prøver å bestemma. Over deg. Over alle. Over alt. Og du kan ikkje stoppa det. Kva gjer du då? Kjemper du imot? Eller gjer du ikkje noko? Og kva skjer om du ikkje er åleine ...?
Kuben er restar frå industrihistoria, ein rusten mosaikk skapt av forvitenskap, vitskap og skaparkraft. Når vi lagar noko nytt så øydelegg vi òg alltid noko. Noko blir til skrot. Når vi lagar noko nytt så veit vi heller ikkje kva som kan komme til å skje. Når vi trur vi har kontroll kan det likevel skje rare og kanskje skumle ting - som også kan vera forlokkande.
Saman med skodespelarane lagar kuben ei rytme – ein puls fylt av svart humor, overdrivelser og rare perspektiv. Puls er fysisk teater utan ord, som med masse visuelle og lydmessige effektar skaper overraskingar for både store og små. Velkommen til ei magisk framsyning om eksistensen vår og forholdet vårt til omgivnadene.
Cirka Teater er eit av dei mest erfarne scenekunstkompania i landet. Dei har produsert meir enn 40 framsyningar som har spelt både nasjonalt og internasjonalt og fått mange utmerkingar. Vi på Teatret Vårt er stolte over å samarbeida med dei for å lage Puls!
Premiere 17. september 2022
Varigheit ca 1 time
Passer for alle frå 6 år
Idé, konsept og regi
Espen Dekko og Gilles Berger
Scenografi
Gilles Berger
Tekniske løsninger
Gilles Berger og Richard Verley
Musikk
Martin Smidt
Produsent
Ingrid Bjørsnøs Kvam
Medvirkende
Gilles Berger, Karoline Ellingsen Wheeler
Produsert i samarbeid med Cirka Teater.