Kjøp billett
Ein mann støyter på eit digert, ukjent objekt: ein kube. Kuben er ein stor og rar masse full av energi, og han lever sitt eige liv: sluker, koker, spyttar ut igjen. Mannen som undersøker kuben, klarer ikkje å styra han. Det utviklar seg til ein kamp! Han blir soge inn i opplevingar utan logikk, der verda blir snudd på hovudet.
Kuben er restar frå industrihistoria – ein rusten mosaikk skapt av forvitenskap og skaparkraft. Når vi lagar noko nytt veit vi ikkje kva som kan komma til å skje. Når vi lagar noko nytt så øydelegg vi òg alltid noko. Sjølv om vi trur vi har kontroll kan ting utvikla seg og bli rare og kanskje skumle – og kanskje òg forlokkande?
Saman med skodespelarane lagar kuben ein rytme – ein puls fylt av svart humor og rare perspektiv. Eit spanande lydunivers og visuelle effektar skapar overraskingar for både store og små. Puls er ei magisk og fysisk teaterframsyning om eksistensen vår og forholdet vårt til omgivnadene.
Cirka Teater er eit av dei mest erfarne scenekunstkompania i landet. Dei har produsert meir enn 40 framsyningar gjennom snart 40 år, som har spelt både nasjonalt og internasjonalt og fått mange utmerkingar. Vi på Teatret Vårt er stolte over å samarbeida med dei om Puls!
Premiere 17. september 2022
Varigheit ca 1 time
Passer for alle frå 6 år
Idé, konsept og regi:
Espen Dekko og Gilles Berger
Scenografi:
Gilles Berger
Tekniske løysingar:
Gilles Berger og Richard Verley
Musikk:
Martin Smidt
Produsent:
Ingrid Bjørsnøs Kvam
Medvirkende:
Gilles Bergar, Karoline Bergh Ellingsen
Produsert i samarbeid med Cirka Teater.