Kjøp billett
SAY SOMETHING hadde premiere i 2011 og var opphavleg laga som ei framsyning for vaksne i samarbeid med fire profesjonelle dansere. I 2014 vart framsyninga omarbeidd til ei framsyning for barn og familiar framført av barnekor.
SAY SOMETHING er eit 30 minutt langt song- og bevegelsesverk, inspirert av Janet Cardiff's installasjon The Forty-Part Motet. Verket undersøker gruppeåtferd og konformitet og vart utvikla i samarbeid med komponisten Sylvia Hallett. Framsyninga er interaktivt i den forstanden at koret blandar seg med publikum, deler seg opp i grupper og kastar om seg med song og lyder over, under og rundt publikum medan dei rører seg blant dei. Publikum har fridom til å delta og saman med koret er dei med og påverkar verket.
Medverkande: Eit lokalt barnekor
Konsept, regi og koreografi: H2DANCE/ Hanna Gillgren og Heidi Rustgaard
Komposisjon og musikalsk leiing: Sylvia Hallett
Prosjektet er støtta med middel frå Arts Council England, Norsk kulturråd, Fond for Lyd og Bilde, Kulturrådet Sverige, SPENN, Kunstløftet, DanceDigital, Buskerud Fylkeskommune, Säffle Kommun, Dans i Värmland og Arts and Grants Kensington and Chelsea.
SAY SOMETHING vart utvikla under residensopphald på Choreodrome og Something Happening for Kids/The Place London, SEANSE Volda, Scenerommet Vestfossen, Union Scene Drammen, Medborgarhuset Säffle, Devir CAPA Faro, Hextable Dance, Laban Theatre, London Studio Centre and Goldsmiths University of London Storbritannia.
Anmeldelser:
“Ei oppsetting ein ikkje så lett får ut av hovudet”
– Amund Grimstad www.scenekunst.no
“Most satisfying and emotionally charged performances I have seen in a long time."
– Fringe Review – Outstanding performance
“Stand back and stare in wonder.”
– Metro – Pick of the day