Parken kulturhus

Høstscena 2022 // Den som henger i en tråd

Hovedbilde, Den som henger i en tråd - Klikk for stort bilete
I Nini Roll Ankers roman sit Karna bøygd over symaskina og draumar om eit godt liv, om kjærleik og ei anna framtid. For millionar av kvinner er forteljinga om Karna ein realitet i dag. Romanen som er skriven med utgangspunkt i konfeksjonsindustrien i Romsdal blir no flytta til vår tid.
 

Dato
28. september 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Mote skaper identitet. Kampen om identitet handlar om moglegheita til å utrykke seg: Kven har vi lov til å vere? I ein global økonomi representerer moteindustrien òg ein klassekamp – som i det daglege er skjult for oss. Eit liv utan moglegheiter i Bangladesh gir moglegheiter for andre ein annan stad på jordkloden. Genseren du har på deg. Kva er prisen for deg? Kva pris betaler den som syr?

Og jordkloden lir. Tilter. Av overproduksjon. Vi treng ikkje alle kleda.

Nini Roll Anker skreiv med eit sterkt engasjement. "Den som henger i en tråd" blir rekna som ein av dei viktigaste sosiale romanane i mellomkrigstida og tar for seg spørsmål som lønn, arbeidsforhold, abort og sosial kontroll over ugifte kvinner. Romsdalsregionen var på den tida «Noregs kleskammer» med mange konfeksjonsfabrikkar.

Toril Solvang har regien i ei moderne tolking av Den som henger i en tråd. Sandra Kolstad er komponist og musikar og speler sjølv i framsyninga. Hennar særegne stemme innan elektronisk popmusikk har vakt merksemd både på den norske og internasjonale musikkscena.

Arrangør

Høstscena