Parken kulturhus

Stian Carstensen // Musical Sanatorium

Hovedbilde, Stian Carstensen - Klikk for stort bileteMulti-instrumentalist og komponist Stian Carstensen kjem på besøk under årets Fjord Cadenza.

Dato
13. august 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Multi-instrumentalist og komponist Stian Carstensen slapp meisterverket «Musical Sanatorium» 22. oktober, 2021. 

Stian Carstensen er ein genierklært musikar og mellom anna kjent som ledestjernen for det kritikarroste bandet Farmers Market. Han er mottakar av ei rekke prisar og har samarbeidet med mange renommerte artistar om ei rekke prosjekt. Stian vart nyleg nominert til Nordisk råds musikkpris 2021. Musikalsk er han anerkjent for banebrytande arbeid innanfor forskjellige stilarter og tradisjonar og for å sprenge grenser musikalsk. 

Musikken frå albumet «Musical Sanatorium» kan beskrivast som filmatisk, melodisk og rytmisk, ein slags hybrid av vesteuropeisk film- og kunstmusikk, forenet med dei bulgarske eksotiske rytmane. Besetninga består mellom anna av stryk, fagott, leirgjøker, pedal steelgitar, harpa, kor, diverse gitarar, rytmeseksjon, diverse analoge synther, orgel og horn. Musikken er dramatisk og storslagen med instrumentskombinasjonar som aldri tidlegare har vore høyrt. 

Albumet har bidrag frå anerkjente talentar som Mike Patton, Ola Kvernberg, Jacob Collier, Todd Terje, Jarle Vespestad, Finn Guttormsen, Audun Sandvik, Atle Sponberg, Bjarne Magnus Jensen, Sidsel Walstad, Torbjørn Dyrud, Pål Hausken, Gabriel Carstensen Øien, Finn Guttormsen og Marinette Tonning-Olsen. 
Carstensens mål med albumet er å spleisa den europeiske kunstmusikken med den eksotiske rytmikken frå Bulgarias folkemusikktradisjonar. Heile vegen er det den sterke melodien som førar an, og improvisasjonane på plata eit godt stykke frå afro-amerikansk jazz. Albumet er spelt inn over ein 5-års perioden og er det mest komplekse Carstensen har gjort til no. 

"Stian is a musical genious" 
- Mike Patton

“Farmers Market is my favorite band on the plana” 
- Michael Brecker

“Stian Carstensen is reinventing music” 
- De Volkskrant