Parken kulturhus

Ålesund ballettskole // Presentasjonsforestilling

Hovedbilde, Ålesund ballettskole - Klikk for stort bilete 

Dato
25. mai 2022
Tid
17:00 - 18:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Endeleg får vi samlast igjen til den tradisjonelle sommaravslutninga vår!
Her får de sjå mangfaldet og kvaliteten i Ballettskolen. Elevane viser noko av det dei har jobba med i løpet av våren, og alle elevane er med, frå dei aller minste til våre flinke vaksne. Det er ein spesielt stor dag for barnedansgruppa, våre herlege 3- og 4 åringar, som har si aller første framferd på scena. Framsyninga inneheld eit breitt spekter av dansestilar, frå klassisk ballett til hip hop, moderne, jazz og stepp dansar. 

Vi sel berre halvparten av seta i salen slik at elevane kan få sitja i salen og oppleva dansane til kvarandre. Vi anbefaler å ikkje venta med å kjøpe billettar!

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 25.05.2022 17.00 - 25.05.2022 18.30
  2. Onsdag, 25.05.2022 19.30 - 25.05.2022 21.00