Parken kulturhus

Riksteatret // Ved målet

Hovedbilde, Ved målet - Klikk for stort bilete 
«Ved målet» er ei sterk historie om ei dotter som lever saman med mora si. 

Dato
22. september 2022
Tid
19:00 - 20:20
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Gratis intro til deg som skal sjå «Ved Målet»! 
 
Riksteatret har fått med seg stjerneregissør Johannes Holmen Dahl og nokon av dei beste skodespelarane i landet når dei introduserer kultforfattaren Thomas Bernhard og teaterstykket «Ved Målet» for aller første gang på norske scener. 
 
Før framsyninga, inviterer vi deg til ein gratis intro ved dramaturg Hege Randi Tørressen. Hege har lang erfaring som dramaturg på Nationaltheatret og er sjølv éin del av det kunstnariske teamet som har laget framsyninga du snart skal sjå. Ho vil gi deg ein introduksjon til framsyninga og fortelja kven den verdskjente forfattaren Thomas Bernhard er. 
 
Introduksjonen er gratis og open for alle!
Starttid: 18:00
Varigheit: 15-20 minutt

___

Ved målet

«Anne Krigsvoll viser seg som vår tids største karakterskuespiller» Aftenposten (5)

"Ved målet" er ei sterk historie om ei mor som ikkje vil gje slepp, og ei vaksen dotter som ikke klarer å komme seg vekk. Kvart år, på den same dagen, reiser dei til det gamle huset ved havet. Slik har det vore så lenge dei kan hugse. Berre dei to, åleine saman. Når ein ung forfattar kjem på besøk, slår mønsteret sprekkar.

-Det var umoleg å seie nei til å spele mammaen i dette prisløna teaterstykket, seier Anne Krigsvoll. Thomas Bernhard er både nådelaus og morosam, og eg opplever at han viser oss noko djupt menneskeleg som alle som har hatt ei mor kan kjenne seg igjen i. Saman med Josefine Frida, som mange kjenner som Noora i «Skam» og «Førstegangstjenesten», og Karl-Vidar Lende frå filmen «Krigsseileren», set ho seg i Riksteatrets turnébuss med eit teaterstykke publikum frå fleire generasjonar kan kjenne seg igjen i.

Pressa skriv:
«stor teaterkunst (…) Det er definitivt verdt turen til ditt nærmeste kulturhus»
Aftenposten (5)

«Gi Anne Krigsvoll en tekst, og hun forvandler den til gull. Legg til Josefine Frida som medspiller i Riksteatrets «Ved målet», og du får en av høstens mest besnærende teateropplevelser."
Dagsavisen (5)

«et intenst kammerspill (…) med en humoristisk letthet som kler materialet»
Klassekampen

Regien er ved Johannes Holmen Dahl. Han står bak ei rekke kritikarroste teateroppsetjingar med brei appell til publikum i alle aldrar – som «Tid for glede» på Det Norske Teatret og «Hamlet» på Nationaltheatret. 

- «Ved målet» stiller den kraftlause generasjonen under lupa. Unge menneske som vil vere på lag, heller enn å bryte med foreldra. Det er både noko håplaust over det, og ei valdsam formaning om å gå i seg sjølv og forsøke. Å ta eit oppgjer, seier Johannes Holmen Dahl.

Ei lenke til det digitale programmet med foto og videoklipp frå Riksteatrets framsyning, intervju med skodespelarane og anna bakgrunnsmateriale finner du her: https://express.adobe.com/page/OHh3XOybka2dv/

Framsyningslengde: 1 time 20 minutt (ingen pause)

Noregspremiere i Oslo, Nydalen 15. september 2022
Turnépremiere i Molde 21. september 2022


Med Anne Krigsvoll, Josefine Frida og Karl-Vidar Lende 

Av Thomas Bernhard. Omsett av Sverre Dahl. Regissør Johannes Holmen Dahl. Scenograf og kostymedesignar Nia Damerell. Lysdesignar Norunn Standal. Komponist Erik Hedin. Lyddesignar Kolbjørn Lyslo og Erik Hedin. Dramaturg Hege Randi Tørressen. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret. Forlag: Teaterforlaget Colombine.