Parken kulturhus

Christmas with Nordic Tenors

Hovedbilde, Nordic Tenors - Klikk for stort bileteFor syttande året skaper tenortrioen ein førjulsstund fylt med varme og humor. 

Dato
14. desember 2022
Tid
18:00 - 19:20
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rima slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang. For syttande året skaper tenortrioen ein førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygde på høgtid og tradisjon, ein julekonsert som garantert vil setja deg i den gode julestemningen. Framsyninga er ikkje berre ein fryd for øyret, men også for auget, då dei har med seg Andreas Ohldieck, ein av dei gryande stjernene på den stadig veksande himmelen av norske videokunstnarar.

Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Nils Georg Nilsen og Jan-Tore Saltnes. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og har vunne publikum sine hjarter over heile landet.