Kjøp billett
Live Hanken er ein 19 år gammal låtskriver og artist frå Ålesund. Ho har alltid sunge og spelt gitar, og då ho starta å skrive for seg sjølv i lockdown, gjekk vegen raskt til scener i både i heimbyen og i Oslo. For tida studerer ho ved Noregs Musikkhøyskole. Med sitt unike og eksperimentelle særpreg på gitar og vokal, inviterer Live til ei musikkoppleving der verda kan stoppe opp i ein augneblink.
Denne sommarkonserten i foajeen byr på eit spennande møte med den andre lokale unge musikaren Vetle Nærø. Saman skaper dei musikk der nære element møter store klangar, med akustiske og elektroniske preg i grenselandet mellom jazz, vise, indie og elektronisk musikk.