Kjøp billett
Eit nytt blikk på kjente omgivnader. Det er ofte kunstens kanskje beste svar på spørsmålet om kva det heile skal vera godt for. Og det er ein av trådane som bind saman dei lause bestanddelane vi finn på Christian Winthers debut The Clearing.
“Debut” må i denne samanhengen presiserast. Gitarist og vokalist Winther har nemleg sett preget sitt på plater i ei årrekke. Med trioane Monkey Plot og Ich Bin N!ntendo, med den folksame musikalske møteplassen Torg og med duoen han har med Ina Sagstuen, Listen to Girl. Her heime fekk han saman med broren sin Andreas Winther Ungjazzprisen i 2019.
Det er ein tydeleg dragning mot det nesten underkokte, i det Winther gjer. At tanken er på sitt vakraste akkurat før han har fått forma seg skikkeleg. Han er ein av dei tydelegaste norske eksponentane for det ein kan kalla ein utforskande gitarstil, og på scena blir fletta låtene saman med improviserte instrumentalpartier, men hos Christian blir det kopla kontrære med eit genuint ønske om å finne den vakre augneblinken, den skimrande harmonien.
«Winther maler milde og umiddelbare impresjonistiske inntrykk med distré, men vakker vokal ... Og det er interessant hvordan han også her klarer å lokke frem så mange korallskjønne nye lyder fra et så gjennomutforsket instrument som gitaren.»
– Dagens Næringsliv
«Med tråder til Nick Drake, brasilianske bossa og post-rockens Chicago-scene ... låter dette fryktelig fint»
– Morgenbladet
«Christian Winther har med denne utgivelsen begått en av årets vakreste plater. Kanskje den vakreste.»
– Stemmegaffel
«Intimt og samtidig uoverskuelig stort … Fint!»
– Jazznytt
«... avansert og uhyre velklingende pop med gitaren i fokus.»
– Deichman Musikk