Parken kulturhus

Sommar i Parken // Marie Løvås

Hovedbile, Marie Løvås - Klikk for stort bilete 

Dato
19. mai 2022
Tid
20:00 - 21:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Sunnmøringen, artisten og låtskriveren Marie Løvås gav ut det første singelet sitt i 2017, og sidan den gong har låtar som «Ta med heim», «Alt he si tid» og «Rollebytte» rotert på både NRK P1 og Radio Ålesund dei siste åra. I februar 2020 gav ho ut debutalbumet sitt «Natta ser det som ingen ser» gjennom det veletablerte plateselskapet KKV. Albumet har hausta gode kritikkar, der mellom anna Nettavisen skriv at «dette svært så tiltalande visittkortet fortel oss at Marie Løvås har komme for å bli». Ho mottok òg nyleg Statens Kunstnerstipend for populærkomponister for 2022. 
 
Låtene til Løvås blir presentert i eit melodiøst, upolert og nedpå visepop-univers. Her får nerven i både tekstane og stemma til Marie tre fram i eit spennande lydbilde skapt av dei dyktige musikarane hennar. Med ein varm og klar stemme og nære tekstar på norsk, formidlar Marie historier med ein ærlighet og varhet som skaper ein direktelinje til publikum - ei kjensle av at Løvås syng rett til deg. 
 
Denne kvelden vil Marie presentera låtene sine i duo-format, saman med gitarist Johannes Nøkling Aasgaard. 

«Marie Løvås ønskes hjertelig velkommen - et nytt stort og varmt talent har meldt sin ankomst.» - Tor Hammerø, Nettavisen 

Terningkast 5: «Følsomt og vakkert fra Sunnmøre» - Karl Erik Sylthe 

"…musikken til Marie Løvås har for meg ført til en mild avhengighet. Vakkert!" - Holly Moors