Kjøp billett
Julekonsertene til Christel Alsos har over dei siste ni åra vorte ein tradisjon. Ikkje berre for publikum, men også for artisten sjølv.
“For meg har det å spele julekonserter heile tida vore forbunde med å føle seg litt meir hudløs enn elles i året. Julen forsterkar og forstørrar liva våre. Likevel er det ingen tvil om at årets turné vil bli ekstra spesiell og eg er utruleg glad for at vi får moglegheit til å gjennomføra desse konsertane. Det trur eg vi alle treng no, å samlast rundt dei felles historiene våre og tradisjonar”.
I 2013 slapp Christel Alsos utgivinga av det kritikarroste julealbumet «I den kalde vinteren» i 2013. Ein varm, inderleg og vakker juleplate.
Albumet fekk eitt nytt tilskot i 2017 med den egenskrevne låten, ‘Desember'. Den første utgivinga hennar på norsk. Låten handlar om å komma heim til noko eller nokon du held kjært, eitt tema som personleg står sentralt i livet til den unge kvinna bak den store stemma frå nord.
I 2022 er det heile 16 byar som får besøk av Christel Alsos.
Med seg på scena har ho slagverk Andreas Bye, gitarist Marius Graff, Jo Berger Myhre som bassist, fiolinist Lise Voldsdal Sørensen og pianist Andreas Löwe.
Velkommen!