Parken kulturhus

Hans-Wilhelm Steinfeld // Ukraina: Landet på randen

Hovedbilde, Hans-Wilhelm Steinfeld - Klikk for stort bileteHans-Wilhelm Steinfeld held eit høyaktuelt foredrag om situasjonen i Ukraina

Dato
12. juni 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Hans-Wilhelm Steinfeld held eit høyaktuelt foredrag om situasjonen i Ukraina, og i Europa forøvrig. Steinfeld gir ei djupare innsikt i krigssituasjonen i Ukraina i 2022, og kva som har ført landet dit det er i dag. Ukraina betyr landet på randa - eller trakta der borte på grensa eller ytterkanten.
 
For det norske folket er Hans-Wilhelm Steinfeld kjent som ein tøff og pågåande utanriksreporter, med sin markante bergensdialekt som varemerke. Steinfeld har hatt ein ekstraordinær karrière som ein av NRKs mest framtredande utanrikskorrespondentar, og har gjennom mange år formidla vår tids fremste verdenshistoriske hendingar i Aust med Noreg som publikum.

Steinfeld var tilsett i NRK frå 1976 til 2014. Hans spesialfelt er Russland, der han har vore utanrikskorrespondent i 18 år. Steinfeld har òg vore NRKs korrespondent på Balkan med sete i Budapest og Beograd.

Gjennom Steinfelds radio- og fjernsynsreportasjar fekk det norske folket ei meir nærgåande innsyn i Sovjetunionen enn nokon gong før. Det var Steinfeld som rapporterte då glasnost-perioden 1989 gjekk over i samanbrotet til kommunismen i Aust-Europa, med Berlin-murens fall og Tysklands gjenforeining.

Som journalist er Steinfeld vorte spesielt lagt merke til, og han er anerkjent som ein journalist av internasjonal kaliber for å ha fått dei viktige politiske aktørane i tale. Særleg kjent er intervjua hans med Mikhail Gorbatsjov, Boris Jeltsin og statsminister Nikolai Rysjkov i perioden 1991–1994.

Alt overskot frå arrangementet blir donert til humanitært arbeid i Ukraina.