Parken kulturhus

Ingeborg Stenneset og Peder Kjøs

Hovedbilde, Ingeborg Stenneset og Peder Kjøs - Klikk for stort bileteSamtale om det vanskelege og vedunderlege menneskelivet. Det blir humor, varme og innsikt — og heilt sikkert jævlig gjenkjennelig.

Dato
15. september 2022
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Du er ikkje bra nok. Burde du ikkje vore flinkare? Penare? Tynnare? Hatt meir musklar? Fått betre resultat? Vore snillare? Fortener du at andre liker deg? Kva om andre fann ut korleis du «eigentleg» er? Frykta for å bli avslørt kan få oss til å føla oss heilt jævlig - og til å gjera dei jævligste ting.

Sett utanfrå har vi det eigentleg ganske bra. Kvifor føler vi likevel så mykje angst, skam, tristhet, sinne, sjalusi og einsemd?

Ingeborg Senneset er journalist, sjukepleiar, influensar og forfattar av boka «Anorektisk», om hennar eigen spiseforstyrrelse.
Peder Kjøs er psykolog, kjent frå NRK-dokumentaren «Jeg mot meg» og terapipodkasten «Hos Peder», og har skrive fleire bøker.
Saman har dei halde fleire populære foredrag og scenesamtalar.

I samtalen «Jævlig menneskelig» tar dei for seg det vanskelege og vedunderlege menneskelivet. Det blir humor, varme og innsikt — og heilt sikkert jævlig gjenkjennelig.