Kjøp billett
Best Western Swing er fem musikarar sameina i kjærleiken sin til western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane (t.d. Bob Wills, Spade Cooley, Jimmy Bryant/Speedy West og Hank Garland). I eit vidare perspektiv kan ein kalla det ”instrumental elektrisk americana”.
BWS (som på ingen måte er ortodokse museumsvoktere) er leda av Asle Røe, opphavleg frå Molde men med tolv år som profesjonell gitarist i Houston, Texas. Med på laget er 60% av Farmers Market: Stian Carstensen på steelgitar og trekkspel, Finn Guttormsen på bass og Jarle Vespestad på trommar, og dessutan gitarist Staffan William-Olsson frå The Real Thing. Antal strengar totalt: 36