Kjøp billett
Etter 36 framsyningar på Chat Noir hausten 2021 tar Øystein Sunde framsyninga ut på turné. Han har med seg «Meget i sløyd», som er noko av det aller beste av allsidige bluegrass-musikere på denne sida av Atlanteren.
«Karusellskapssyk» har fått fantastisk omtale med terningkast 5:
Aftenposten: Moden visekunstnar på nye vegar!
Nettavisen: Meister i sin eigen sjanger!
Dagsavisen: 50 års suksess og like blid!
Det har komme nye songar seglande, får vi vite, og visesongaren er tydeleg oppstemt og selskapssyk i samband med det nye stoffa.
Øystein Sundes solokarriere byrja på Dolphins viseklubb i Grensen 18 i Oslo i 1966. "Det var ein klubb full av entusiastiske nybegynnarar i slutten av ten-årene. Du fekk sitte på ein barkrakk og synge tre songar, og så var det nestemann opp", seier Sunde om denne tida. Etter fire år på krakken, kom den første plata, og det tok for alvor fyr i karrieren.
I dag kan Sunde sjå tilbake på ein meir enn 50 år lang historie full av plateutgivingar, showsuksessar, TV-produksjonar og samarbeid med dei beste i norsk showbizz - Ingrid Bjørnov, Gitarkameratene, Halvdan Sivertsen, Finn Kalvik, Eldar Vågan, Dizzie Tunes & Grethe Kausland, Hege Schøyen og Vazelina Bilopphøggers - for å nemna nokon.
Velkommen til ei ny framsyning med Øystein Sunde!